Elisabeth Emmerhoff
Det er Stiftinga Hilmar Alexandersen som vel ut musikarar til talentprogrammet. Ingrid har valt seg jazz-legenden John Pål Indreberg som mentor under talentprogrammet.
Hilmartalentet er eit nasjonalt utviklingsprogram for toppsjiktet av unge folkemusikarar og folkedansarar , som er drifta av Stiftinga Hilmar Alexandersen, saman med Talent Norge og Sparebank 1 SMN. I meldinga om valet skriv stiftinga at Ingrid Standal Sørheim er ein ung og særeigna toradarspelar og toneskapar, med eit sterkt musikalsk uttrykk og eit engasjement for å utvida moglegheitene innan folkemusikk.
I meldinga frå Stiftinga Hilmar Alexandersen seier Ingrid Standal Sørheim dette om å verta valt:
Eg er veldig overraska, glad og takksam for å ha blitt valt ut som det neste HilmarTalentet! Det kjennest som ei stor ære å få vera ein del av rekkja av unge folkemusikarar i eit talentprogram der mange dyktige og inspirerande musikarar eg ser opp til har vore med før meg. Støtta og oppfølginga frå Hilmar betyr mykje for meg no som eg er i etableringsfasen som musikar. Eg har mykje å læra og ser fram til å både bli utfordra og inspirert vidare i arbeidet med å utvikla meg musikalsk og kunstnarleg. Og ikkje minst gler eg meg til å spela på Hilmarfestivalen i november!”
Voss herad gratulerer og gler seg til å fylgja Ingrid i programmet.
Du kan lesa meir om Hilmartalentet på heimesidene til Stiftinga Hilmar Alexandersen.