E-postproblema råkar Voss herad

Microsoft har driftsproblem med Outlook, altså e-postprogrammet sitt. Dette råkar heile verda, også Voss herad. 

Dette gjer at det er høgst usikkert om e-postar vert sendt eller kjem fram. I skrivande stund får ikkje tilsette i Voss herad e-post. Det er uklart når dette kjem i orden, men truleg vert det jobba nokså intenst hjå Microsoft for å løysa desse problema.

Telefon virkar, så om det er noko som hastar, så send ikkje e-post, men ring i staden.