Det er til tider utfordringar med bos, spesielt i området rundt aktivitetsparken på Prestegardslandet. Dette tek me på alvor. Det er ein plan for både plassering og handtering av avfall. Det er mellom anna etablert eit nytt bossorteringsanlegg med god kapasitet ved Utebassenget.
Plassering av bosspann er basert på faglege vurderingar. Mange små og feilplasserte dunkar fører diverre ofte til overfylte spann og mykje bos på bakken rundt spannet. Dette trekk til seg både fuglar og skadedyr, og er difor ikkje ei god løysing.
Tilsette i heradet er jamleg ute og tømmer bos, både på kvardagar og i helgar. Ressursane er avgrensa og det er ikkje mogleg å halda alle område kontinuerleg rydda gjennom heile døgnet.
Reine og trivelege uteområde er eit felles ansvar. Me oppmodar alle om å rydda opp etter seg, og gjerne etter andre. Det er viktig at ein nytta dei løysingane som finst, eller tar med seg boset heim. Ikkje la avstand til næraste bosspunkt vera eit hinder.
Me ynskjer alle at Voss skal vera ein triveleg stad, takk for at du bidreg til dette.