Etablering av flytande badstove på Vangsvatnet

Voss herad ynskjer å leggja til rette for etablering av flytande badstove på Vangsvatnet, og inviterer med dette interesserte aktørar til å melda si interesse og senda inn forslag til utforming og driftskonsept, med frist 1. august 2026.

Bakgrunnen for utlysinga er eit ynskje om å leggja til rette for meir aktivitet og bruk av Vangsvatnet, samstundes som ein sikrar heilskapleg planlegging og god forvaltning av offentlege areal. Heradet ynskjer løysingar som kan bidra til aktivitet, næringsutvikling og attraktive tilbod for innbyggjarar og besøkande – utan at området vert privatisert. Tilbodet skal vera tilgjengeleg og opplevast ope for alle.

Lokalisering

Det er aktuelt å leggja til rette for flytande badstove i området utanfor aktivitetsparken ved Vangsvatnet. Plasseringa vert i tilknyting til eksisterande betongrampe/pir, og langs muren vestover. 

Sjå vedlagt kart:
 

 

Det vert opna for inntil to – tre flytande badstover i området.

Det er eit premiss at pir og offentleg tilkomst framleis skal vera ope og tilgjengeleg for ålmenta. Eventuelle badstover må difor plasserast slik at dei ikkje hindrar fri ferdsel eller opplevast at dei privatiserer området. Badstovene må trekkjast noko ut frå land/pir.

Rammer for etablering

Aktør som får tildelt areal må sjølv stå for:

  • etablering og installasjonar 
  • drift og vedlikehald 
  • nødvendige offentlege løyve og godkjenningar 
  • tekniske løysingar 
  • renovasjon og handtering av avfall 
  • tryggleik

Det vil verta inngått leigeavtale for bruk av kommunalt areal.

Kva ynskjer heradet informasjon om?

Aktørar som melder si interesse vert bedne om å senda inn ei skildring av prosjektet og svara ut følgjande punkt:

  • driftskonsept og målgruppe inkl. planlagd sesong/heilårsdrift 
  • tilkomst 
  • tilgang på toalett og garderobefasilitetar 
  • estetisk utforming, materialval og storleik
  • prinsipp for oppankring
  • løysing for straum, teknisk infrastruktur og avløp (dersom naudsynt)
  • Prinsipp for oppvarming (straum/vedfyring)
  • om badstova skal vera permanent fortøydd eller registrert/flyttbar som båt 
  • løysingar for varierande vasstand, is og vinterforhold 
  • tryggleik, HMS, beredskap og tilsyn
  • handtering av søppel og reinhald 
  • eventuell sal/servering 
  • framdriftsplan og tidspunkt for etablering 
     

Det vert òg bedt om at det vert sendt inn:

  • skisse/illustrasjon av badstova

 

Vidare prosess

Innsende forslag vil verta vurderte samla av Voss herad. Heradet står fritt til å gå i dialog med ein eller fleire aktørar før eventuell tildeling av areal.

Det vert teke atterhald om nødvendige politiske og administrative avklaringar, samt krav etter plan- og bygningslov, hamne- og farvasslov og andre relevante regelverk. Etablering av flytande badstove vil vera søknadspliktig etter plan- og bygningslova.

Frist

Frist for innsending av interesse og skisse: 1. august 2026

Søknad og dokumentasjon kan sendast til postmottak@voss.herad.no