Etablering og drift av breidband til Jordalen/Stalheim, Seimsgrend og Reppen/Tvinde

Voss Fiber er stolte og glade over å få moglegheit til å bygge fiber heilt til Jordalen/Stalheim, Seimsgrend og Reppen/Tvinde

Me er godt i gang med planlegginga. Men dette er store prosjekt som vil gå for seg fram til hausten 2025. Kundar vil verta kopla til fortløpande etter kvar som nettet er klart.

Innan nokre veker vil alle som kan knyta seg til fibernettet få eit brev i postkassa med informasjon og eit tilbod om å bestille fiber. Me kjem også til å ta kontakt på telefon.

Ta kontakt med vårt lokale kundesenter på Tvildemoen om du lura på noko i forbindelse med utbygginga. Du kan enten komme innom til oss eller nå oss på telefon : 51208115