Fem personar evakuerte på Evanger

Den kraftige nedbøren skapar vanskar fleire stader i Voss herad. På Evanger er fem personar evakuert etter eit mindre ras.

Det kan ikkje gjerast arbeid på rasstaden på Evanger før geolog har vurdert området.

Det er meldt om ei rekkje hendingar rundt om i Voss herad som følgje av nedbøren, det er skredhendingar, skadar på vegar og vatn i enkelte kjellarar. Voss herad har mannskap ute som reparerer veg fortløpande, der det er mogeleg.

Fleire vegar er stengde grunna skred, mellom anna riksveg 13 til Myrkdalen. Kommunalavdeling helse og omsorg har dialog med brukarane som bur på andre sida av skredet til Myrkdalen. Ved akutte hendingar får Voss hjelp av nødetatar i Vik.

Statsforvaltaren har sendt melding om svært mange vegar i fylket elles også er stengde grunna skred og flaum. Fleire strekningar vert vurdert stengd, og Statens vegvesen oppmodar om at folk ikkje tek seg ut å vegen i kveld onsdag. Det kan du lesa meir om her: Uvêret på Vestlandet: Vurder om du må køyre! | Statens vegvesen

Det er i kveld stigande vasstand fleire stader, mellom anna på Evanger. Her er mannskap frå Voss brannvern til stades, og vil bistå ved behov.

Nedbøren har avtatt, men det er framleis mykje vatn i alle vassdrag, og det er viktig å vera varsame. Me oppmodar innbyggjarar om å gjera sitt for at bekkar, kummar og stikkrenner på og rundt eigen eigedom er mest mogleg frie så vatnet kan renna fritt.

Det er framleis stor fare for skred, og Voss herad oppmodar alle som skal ferdast på vegane torsdag morgon om å vera varsame og eventuelt sjekke www.175.no