EideshagenEi rekkje kommunale vegar har fått større og mindre skadar i løpet av dagen. Mellom anna er Eidesvegen ved fotballbanen stengd, det same gjeld Skjerveggen. Selheimsvegen er stengd for tunge køyretøy.
Voss herad er ute å gjer utbetringar på vegane fortløpande, men det er framleis fare for vegar kan verta skada grunna mykje nedbør.
Voss herad ber alle framleis halda seg oppdaterte på varsom.no, og passa på at bekkar og kummar på og rundt eigendomane sine er mest mogleg frie, slik at vatnet kan renna fritt der det skal.
Faren for jord- og sørpeskred er stor, og Voss herad ber alle vera varsomme.
Som meldt tidlegare i dag ser prognosane for flaum i dei store vassdraga betre ut enn i går.
Voss herad vil koma med ny informasjon dersom situasjonen endrar seg.
I løpet av dagen har det oppstått problem med delar av sentralbordløysingane våre, noko som har gjort at det ikkje har vore mogleg å ringa inn til verken Voss herad sitt sentralbord eller til Voss legekontor. Dette er ein feil som ligg utanfor Voss herad sin kontroll, og me ventar oppdatering på denne situasjonen frå leverandøren.