Onsdag ettermiddag vart også flaumvarselet for Voss oppgradert til raudt nivå. Då var alt den nye flaumveggane framfor Voss idrettshall og Voss kulturhus montert.
Tidlegare i haust vart det øvd på å montera opp dei nye flaumveggane som Voss herad har kjøpt, no får dei testa seg i ei verkeleg hending.
Det er varsla mellom 120 og 180 millimeter regn frå midtatt torsdag til midnatt fredag. Målet med flaumveggane er å verna bygga mot storflaum, og er eitt av ei rekkje førebyggjande tiltak som er gjort i løpet av dagen.