Skattesvikt i resten av landet gjorde at Voss fekk mindre inntektsutjamning enn kva me rekna med når me laga prognosar i haust. Samtidig vart nokre refusjonar vesentleg lågare, og meirforbruket i enkelte tenesteområde vesentleg høgare. Det er enno for tidleg å gå detaljert inn på grunnane til at resultatet er svakare enn antatt.
Resultatet vil no verta analysert for å kartleggja årsakene.
Underskotet vert dekka av disposisjonsfondet, som vert redusert frå 86,5 millionar kroner til 51,9 millionar kroner.
Rekneskapen er ikkje ferdig revidert, så endringar kan skje etter at revisjonen er ferdige med sitt arbeid.
Omstillingsarbeidet i Voss herad vil halda fram, og vert ytterlegare aktualisert grunna det svake resultatet, med mål om at heradet skal ha ein robust og berekraftig økonomi, i tråd med måla som er sett.
Resultatet er ikkje til hinder for at Voss herad vil halda fram som ein viktig samfunnsutviklar og leverandør av gode tenester til innbyggarane våre.