Andreas Wahl er kjent for engasjerande og vitenskapsbaserte TV-program. Denne våren har han utfordra beredskapen i det norske samfunnet gjennom programserien Katastrofe.
Wahl vil både engasjera og informera, slik at du som tilhøyrar får større forståing for korleis du kan bidra til ein meir robust beredskap - både personleg og i samfunnet. Og han lover at me vil bli overraska over funna han presenterer i foredraget.
Dette er eit arrangement for alle som er nysgjerrige på verda rund seg - og som vil forstå korleis globale trendar kan få lokale konsekvensar.
📅 4. november
📍 Voss Kulturhus
🕡 kl. 18.00–19.30
Arrangementet er gratis men du lyt sikra deg billett:
eBillett: Foredrag med Andreas Wahl 4. november 2025
Kontaktperson: Rune Granli Slettemark, rune.g.slettemark@voss.herad.no
