Grøn november tilskotsordning 2025Grøn november 2025 har som føremål å synleggjera og lyfta mangfaldet innan ombruk, reparasjon, utlån- og deleordningar, sirkulære løysingar og bidrag innan sosial berekraft i Voss herad. Sist endra 05.09.2025 11.46 Voss herad har sett av 50 000 kr til frivillige organisasjonar som gjennomfører arrangement under Grøn november i år.Søknadsfrist er 30.09.2025Søknadsskjema finn du her: Søknadsskjema - Grøn november 2025Kven kan få støtte?Frivillige organisasjonar med folkeregistrert adresse i Voss herad.Kva kan du få støtte til?Arrangement må ha som føremål å bidra til å redusera materielt forbruk og avfallsmengd og/eller gode sirkulære løysingar. Les gjerne meir under satsingsområda 9, 10, 11 og 12 i Vossaklima 2030Døme på arrangement: reparasjon og ombruk innan kle, sykkel, ski, elektronikk, utstyr, utlån- og deleordningar, workshop innan matsvinn, gjenbruk av tremateriale, prosjekt innan delingsøkonomi og bidrag til sosial berekraft. Me er opne for ulike innfallsvinklar. Vilkår for å motta støtte:Arrangementet må gjennomførast i løpet av november. Gamlekinoen er ikkje tilgjengeleg i år pga. ombygging, og Kulturhuset er difor hovudlokasjon for arrangementa. Kvart arrangement kan støttast med opptil 5000 kr.Kvar organisasjon kan maksimalt få innvilga støtte til to arrangement.Aktivitetar og arrangement som vert gjennomført under Grøn november bør vera gratis eller kun ha ein symbolsk pris.Alle arrangement vert meldt inn som ein del av det offisielle programmet til Grøn november og lagt inn i aktivitetskalender.Marknadsføring skjer i tråd med den grafiske profilen til Grøn november. Ved tildelt støtte får de tilsendt logo og anna grafisk materiell. Kva må søknaden innehalde?Kort skildring av arrangementet: tid, stad, type aktivitet, målgruppe og praktisk gjennomføring.Kort skildring av korleis arrangementet vil bidra til lågare materielt forbruk.Enkelt budsjett. Svarfrist:Søkjar får svar innan 7. oktober.Dersom arrangementet vert avlyst, utsett eller vesentleg endra, kan heile eller deler av tilskotet verta kravd tilbakebetalt gjennom faktura frå Voss herad. Krav til rapportering:Det skal leverast ein kort rapport i etterkant av arrangementet med informasjon om gjennomføring, evaluering, korleis tilskotet vart brukt og eit bilete frå arrangementet.Rapporten må sendast innan 9. desember 2025. Utbetaling:Utbetaling skjer seinast ein månad etter innlevert rapport. Spørsmål?Ta kontakt med klima- og miljørådgjevar Lina Hamre lina.hamre@voss.herad.no eller leiar for ungdomsarbeid Kristine Akselberg kristine.akselberg@voss.herad.no Voss utferdslag