Voss herad har sett av 50 000 kr til frivillige organisasjonar som gjennomfører arrangement under Grøn november i år.
Søknadsfrist er 18.10.2024.
Søknadsskjema: Grøn november - (voss.herad.no)
Kven kan få støtte?
- Frivillige organisasjonar med folkeregistrert adresse i Voss herad.
Kva kan du få støtte til?
- Arrangement må ha som føremål å bidra til å redusera materielt forbruk og avfallsmengd og/eller gode sirkulære løysingar. Les gjerne meir under satsingsområda 9, 10, 11 og 12 i Vossaklima 2030
Døme på arrangement kan vera reparasjon og ombruk innan kle, sykkel, ski, elektronikk, utstyr, utlån- og deleordningar, workshop innan matsvinn, gjenbruk av tremateriale, prosjekt innan delingsøkonomi og bidrag til sosial berekraft. Me er opne for eit breitt spekter av innfallsvinklar.
Vilkår for å motta støtte:
- Arrangementet må gjennomførast i løpet av november. Gamlekinoen er disponibel i perioden 25. - 29. november.
- Kvart arrangement kan støttast med opptil 5000 kr.
- Kvar organisasjon kan maksimalt få innvilga støtte til to arrangement.
- Aktivitetar og arrangement som vert gjennomført under Grøn november bør vera gratis eller ha ein symbolsk pris.
- Alle arrangement vert meldt inn som ein del av det offisielle programmet til Grøn november og lagt inn i aktivitetskalender.
- Marknadsføring skjer i tråd med den grafiske profilen til Grøn november. Ved tildelt støtte får de tilsendt logo og anna grafisk materiell.
Kva må søknaden innehalde?
- Kort skildring av arrangementet: tid, stad, type aktivitet, målgruppe og praktisk gjennomføring.
- Kort skildring av korleis arrangementet kan bidra til lågare materielt forbruk.
- Enkelt budsjett.
Svarfrist:
- Søkjar får svar innan 25. oktober.
- Dersom arrangementet vert avlyst, utsett eller vesentleg endra, kan heile eller deler av tilskotet verta kravd tilbakebetalt. Beløpet vert innkrevd gjennom varsel og faktura frå Voss herad.
Krav til rapportering:
- Det skal leverast ein kort rapport i etterkant av arrangementet med informasjon om gjennomføring, evaluering, korleis tilskotet vart brukt og eit bilete frå arrangementet.
- Rapporten må sendast innan 6. desember 2024.
Utbetaling:
- Utbetaling skjer seinast ei veke etter innlevert rapport.
Spørsmål?
Ta kontakt med klima- og miljørådgjevar Lina Hamre lina.hamre@voss.herad.no eller Leiar for ungdomsarbeid Kristine Akselberg kristine.akselberg@voss.herad.no
Hjelp