Aggregat donert til Ukraina i 2023
Tendranett
Det er Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, DSB som via Statsforvaltaren spør om det finst aggregat som kan donerast til Ukraina.
Det er vinter også i det krigsherja landet, med temperaturar ned mot minus 20 grader. Som fylgje av omfattande skader på kritisk infrastruktur, som energinettet, opplever landet, inkludert hovudstaden Kyiv, langvarige straumbrot. Dette påverkar både husstandar, kritiske tenester og den samla funksjonen til heile samfunnet. Og sett særleg sårbare grupper i akutt fare.
Det er hovudsakleg behov for store dieselaggregat på 1 MW, men direkoratet spør også om tilgjengelege aggregat med lågare kapasitet frå 200 kVA, både diesel-, bensin- og invertertyper. Om utsyret er nytt eller brukt spelar mindre rolle så lenge det kan donerast.
I 2023 donerte Tendranett, dåverande Vonett, eit aggregat.
Voss herad fylgjer oppmodinga frå DSB og Statsforvaltar, og spør om det finst denne typen aggregat som kan verta fristilt og donert på Voss. Dersom dette finst, ta kontakt med beredskapsrådgjevar Rune Granli Slettemark på e-post rune.g.slettemark@voss.herad.no