Heimevernsøving

Heimevernet øver frå 29. september til 3. oktober 2024. I denne perioden kjem me til å sjå heimevernet sine mannskap og deira utstyr. Dei øver i heile teigen, og særleg i området Granvin - Voss - Sogn.

Heimevernet er ein nasjonal beredskaps- og innsatsstyrke. Dei består av 40 500 soldatar fordelt på 11 ulike distrikt i Noreg.  I tillegg til at distrikta har ansvar for beskytting av viktige militære og sivile installasjonar kan dei bli bedd om å bistå sivile myndigheiter. Eksempelvis ved naturkatastrofar, leiteaksjonar og ulykker. Heimevernet kan soleis vera ein god samvirkepart for kommunen viss uynskte hendingar oppstår. 

Me ynskjer dei derfor lukke til med øvinga!