Motivasjon er viktigare enn alder, du kan vera alt fra tidleg i 20-åra til godt over 50. Under utdanninga vekslar du mellom ytingar frå NAV og lønn fra kommunen.
Bli med på informasjonsmøte
Det vert halde eit uforpliktande informasjonsmøte 28. januar 2025 kl. 12.00–14.20 på Amalie Skram vgs, Lungegårdskaien i Bergen.
Påmeldingsfrist er 20. januar kl 12.00
Påmelding gjer du gjennom dialog med din rettleiar i NAV.
På Informasjonsmøtet får du informasjon om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheiter. Helserekruttar frå tidlegere kull vil òg vera til stades. Dei vil dela sine erfaringar og anbefalingar.
I etterkant av møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar bli tilbydd ein 12-vekers rettleia praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.
Kontaktinformasjon
Er du vår neste mann? Grip moglegheita!
Kjenner du nokon som fortener moglegheita? Tips han om Menn i helse!
Har du spørsmål om Menn i helse?
Ta kontakt med fylkeskoordinator:
Kjetil Kvidahl på telefon 977 48 055 eller e-post Kjetil@mennihelse.no
For meir informasjon, sjekk gjerne ut Menn i helse si heimeside og Menn i helse Vestland Midt si facebookgruppe!