Høyring landbruk

Voss herad skal ha ein plan for korleis årleg tildelte midlar til SMIL (spesielle miljøtiltak i landbruket) og tilskot til investeringar i beiteområda vert nytta. Denne skal rullerast kvart 4.år og me legg dokumentet ut til høying.  Faglaga i landbruket får høyringa tilsendt.

Høyringsfrist er 3.februar 2025.

 

Voss herad får årleg ein pott til ‘SMIL ’- spesielle miljøtiltak i jordbruket,  og til ordninga ‘Tiltak i beiteområder.’ Kommunane skal ha ein tiltaksstrategi for korleis midlane vert nytta, og denne skal rullerast kvart 4 år. Tiltaksstrategiane for SMIL og tiltak i beiteområde er no kopla i eit dokument. Det er ikkje gjort store endringar, men tilskot til klimatiltak er styrka i SMIL ordninga.  

Høyringsdokument - Kommunal strategi for tilskotsordningane SMIL og tilskot til beiteområde (PDF, 904 kB)

SMIL er styrt av Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Tiltak i beiteområda er styrt av Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder

 

Oversikt over midlar Voss herad har fått dei siste 6 år: 

År

2019

2020

2021

2022

2023

2024

Sum 1000 kr

720’

785’

700’

900’

950’

1 170’

Voss herad mottar om lag 20-30  SMIL-søknadar årleg. Om lag halvparten har dei siste åra vore til kulturminne/kulturmiljø, vesentleg bygningar, ca. ¼ del til landskapsskjøtsel og resten til andre prosjekt; m.a. erosjon, framandartar, samarbeidsprosjekt m.m. Det er langt fleire søknader enn ein kan gje tilskot til etter det som er sett som maks tilskotssats.

Tilskot til beitelaga: 

Kommunane overtok handsaming av tilskot til beiteområde i 2020 frå Statsforvaltaren.  Det er berre beitelaga som kan søkje på denne ordninga. 

Oversikt over midlar til ordninga dei siste 5 åra.

År

2020

2021

2022

2023

2024

Sum 1000 kr

224’

175’

280’

280’

265’

Eit fleirtal av beitelaga søkjer årleg. Det vesentlege av midlane vert nytta til til sporingsutstyr. Det er alltid for lite midlar i høve søknadar. 

Høyringsdokument - Kommunal strategi for tilskotsordningane SMIL og tilskot til beiteområde (PDF, 904 kB)

Innspel til strategiane kan sendast postmottak@voss.herad.no innan 3. februar