Bandtvang og omsyn til folk, beitedyr og vilt
Bandtvang i Voss herad gjeld i perioden 1. april til 30. september. I denne perioden skal hundar haldast i band eller vere forsvarleg inngjerda. I område med beitedyr og sårbart vilt er dette særleg viktig. Det er i tillegg heilårsbandtvang på offentleg område og i Bømoen. Sjå lokal forskrift her: Forskrift om båndtvang for hund, Voss kommune, Hordaland - Lovdata
Hugs at lause hundar kan vera til stor belastning for både beitedyr, vilt (t.d. er fuglar som hekker på bakken særleg sårbare) og andre turgåarar. Det har dei siste åra vore ein auke av tilfelle med laus hund som jagar vilt og beitedyr i Voss herad. I 2026 vil me at denne trenden snur.
Gjerde og inngjerding
I mange hytteområde er det avgrensingar for oppføring av gjerde. Dette heng saman med omsyn til:
- beitedyr og dyrevelferd (dyr vert hengande fast og dør i gjerder)
- fri ferdsel i utmark
- landskap, natur og allmenn bruk
Straumgjerde er som hovudregel ikkje tillate ved fritidsbustader, og inngjerding utover det som er fastsett i reguleringsplan eller kommuneplan er ikkje tillate utan særskilt løyve. Der straumgjerde lovleg kan setjast opp skal det vera kopla på straum, ha dagleg tilsyn og haldast i forsvarleg stand. Me oppmodar alle hytteeigarar om å setja seg inn i kva reglar som gjeld for sitt område.
Utelampar og lysforureining
Naturleg mørke er ein viktig kvalitet i hytte- og fjellområde. Sterk eller unaudsynt utebelysning kan vera til sjenanse for artsmangfaldet i området, naboar og landskapsopplevinga.
Me oppmodar difor til:
- å nytta moderat og skjerma belysning berre dersom det er naudsynt
- å unngå utelys som står på heile natta
- å slå av lys når det ikkje er behov og det ikkje er folk på hytta
Små grep kan ha stor positiv effekt for både natur og trivsel.
Bålbrenning og branntryggleik
Det er generelt forbod mot open eld i skog og utmark frå 15. april til 15. september, med mindre det er openbert trygt. Dette gjeld også i nærleiken av hytter.
Ver særleg merksam på:
- vind og tørr vegetasjon
- lokale restriksjonar eller totalforbod i tørre periodar
- at bål alltid skal sløkkjast fullstendig
Brann utgjer ein alvorleg risiko – både for natur, eigedom og menneske. I Voss er det berre lov å brenne reint trevirke.
Allemannsretten og allemannsplikta
Allemannsretten gir oss alle høve til å ferdast fritt i utmark, men med denne retten følgjer også ei plikt til å opptre omsynsfullt: “Ikkje volde skade eller ulemne for eigar, brukar eller andre eller påføre miljøet skade.”
Dette inneber mellom anna:
- å visa omsyn til vegetasjon, vilt, beitedyr, og andre brukarar
- å ikkje forstyrra fangst-, slåtte- eller beiteområde
- å rydda opp etter seg og ta med avfall heim
Allemannsretten er avhengig av tillit og respekt – både frå fastbuande og tilreisande.
Miljøpatrulje
Sommaren 2026 vil det vera miljøpatrulje i nokre utvalde fjellområde i Voss herad. Miljøpatruljen skal gje informasjon til turfolk om allemannsretten og pliktene, minne om bandtvang og halde oppsyn med nokon av dei mest trafikkerte parkeringsplassane og stiane i våre fjellområde. Dette er eit samarbeidsprosjekt med Aurland kommune.
Gjennom omsynsfull bruk av hytter, utmark og felles natur, bidreg me alle til at Voss herad er ein god stad å vera – for både fastbuande, hytteeigarar, og framtidige generasjonar.
Me takkar for samarbeidet!
Til Kiellandbu i Kvam herad, ein av dei travlaste stiane i Voss herad og eit mykje nytta beiteområde for rein, sau og storfe.
Inger Marie Hernes