Hensikten er å førebyggja utviklinga av belastningar og stress, støtta familien på det dei meistrar og avlasta etter familien sine behov. Det overordna motivet er å gje born ein god barndom, gjennom å styrka foreldra.
Barndomen varar i generasjonar – ein familie hjelpt, kan vera mange familiar hjelpt.
Voss herad ynskjer å få etablert Home-Start Familiekontakt på Voss. No er me på leit etter ein organisasjon, eller eit lag, med både innsikt og forståing av lokalmiljøet som avdelinga skal verka i, og som ynskjer å drifta vossaavdelinga av HSF.
Voss herad inviterer difor alle interesserte frivillige lag og organisasjonar til informasjonsmøte i Tinghuskantina, torsdag 26.10.2023 kl. 16.00
Tema på møtet:
- Informasjon om Home-Start
- Informasjon om krav og forventningar til tilbydar
- Rammevilkår og organisering av ein lokal avdeling
Påmelding:
Me ynskjer attendemelding på kven som kjem, innan måndag 23.10.23, til borghild.h.ure@voss.herad.no eller beate.ringkjob@voss.herad.no