Under møtet vil rådmann Martin Kulild orientera om framlegg til innsparingar som skal opp til politisk handsaming i formannskapsmøte 15. mai og i heradsstyret 22. mai.
Det er eit avgrensa tal plassar i salen. Presentajsonen vert publisert på heimesidene til Voss herad i etterkant, og me har grunn til å tru at møtet vil verta dekka grundig av avisa Hordaland. Me presiserer at dette ikkje er eit møte der det vert fatta beslutningar, men eit reint informasjonsmøte om framlegga som skal til politisk avgjerd seinare i mai.
Dørene opnar kl 17.45, og det er ikkje høve til å ta med banner eller andre effektar inn i salen.
Møtet varar frå 18-1930, og det er høve til å stilla spørsmål til rådmannen etter orienteringa.
Vel møtt.