Her blir det folkefest laurdag kveld, med gratis visning av kvartfinalen mellom Noreg og EnglandDen norske suksessen i fotball-VM har vist seg å vera ei av dei mest samlande hendingane for landet vårt på lang lang tid. Me ynskjer å ta del i dette på Voss, og er glade for at me kan invitera til folkefest på Prestegardslandet. Ein 21 kvadratmeter stor skjerm vert plassert på utescenen. Voss herad sender ein stor takk til Voss Energi som finansierer arrangementet og til alle andre som bidreg i gjennomføringa.
Dette er eit alkoholfritt familiearrangement som er ope for alle.
Arrangement vil starta kl 21, kampstart er kl 23.
Det vert sett opp nokre toalett. I tillegg er det toalett i gamlekinoen og i servicebygget.
Ta med sitteunderlag/stol og kanskje eit pledd.
Politiet er varsla.
Bebuarar må vera budd på støy frå arrangementet.
Det blir sett opp container til bos, og Voss herad ber alle om å hjelpa til med å rydda opp etter seg.
Voss herad ber alle følgja reglane for arrangementet og gjera det til ein folkefest for alle.