Klima- og miljøvernprisen 2024

Utval for klima, miljø og beredskap skal dela ut klima og miljøvernpris til  eit lag, bedrift eller einskildperson som har utmerka seg innan klima- og miljøvernarbeid i heradet.

No kan du komma med innspel til kandidatar, med innsendingsfrist 15. desember! 

I statuttane for prisen heiter det: 

Gjennom utlysing skal ålmenta få høve til å fremja grunngjevne framlegg om aktuelle kandidatar.
Lista over føreslegne kandidatar vert ikkje offentleggjort. 

Grunngjeve framlegg til kandidatar kan du senda per post til: Voss herad, postboks 145, 5701 Voss 

eller per e-post til: postmottak@voss.herad.no 

Merk med “Klima- og miljøvernprisen 2024”

Frist for å senda inn framlegg til kandidatar er 15. desember