For meir informasjon om korleis du går fram for å senda innspel, sjå lenka under:
Innspel til kommuneplanen sin arealdel
«BYGDALAB» OG MØTEVERKSEMD

BygdaLab
Har du spørsmål om kommuneplanen sin arealdel, korleis du kan gje innspel, eller ynskjer informasjon om arealbruk på ein eigedom?
I mars har me «BygdaLab» i Foajeen i Gamlekinoen der me er tilgjengelege for spørsmål og informasjon om planarbeidet. Me held opent følgjande dagar:
- kl. 12.00 - 17.00: Tysdag 3., torsdag 5., torsdag 12. og tysdag 17. mars
- kl. 8.00 – 12.00: Tysdag 10. og torsdag 19. mars
Planavdelinga vil vera til stades for å svara på spørsmål og informera om arbeidet med kommuneplanen sin arealdel. Velkomen innom!
Opne møter
Me held ope i BygdaLab’en følgjande kveldar frå kl 17.30-20.00:
Onsdag 4. mars: Informasjon om bruk av kartverktøy
Planavdelinga vil halda ei kort orientering i plenum kl. 18.00
- Korleis kan du nytta Vossakart og kva informasjon ligg tilgjengeleg?
- Korleis kan du senda innspel til arealdelen?
Me er tilgjengelege for hjelp til bruk av kartverktøy, innspelsløysinga og planarbeidet elles fram til kl. 20.00 denne kvelden.
Måndag 9. mars: Møte med tema bustadutvikling kl. 18.00
- Korleis skal me utvikla nye bustader for å møta framtida sine utfordringar? Innlegg ved Oda Ellensdatter Solberg, Natural State/Sol-Is arkitekter
- Informasjon om sosiale buformer – meir informasjon kjem!
Onsdag 18. mars: Informasjon om planvask
Planavdelinga vil halda ei kort orientering i plenum kl. 18.00
- Kva ligg i omgrepet «planvask», og kva inneber dette?
Me er elles tilgjengelege for spørsmål knytt til planvask og arbeidet med arealdelen fram til kl. 20.00 denne kvelden.
Velkomen til opne kveldsmøter i BygdaLab’en!