Kongens fortjenstmedalje tildelt Peder Ringdal

Kongens fortjenestmedalje tildelt Peder Ringdal.

Kongens fortjenestmedalje tildelt Peder Ringdal.
Ordførar Tonje Såkvitne holdt talen:
Kjære alle saman, det er med stor glede at eg i dag stiller eg på vegne av Hans Majestet Kongen for å gjera heider på ein av våre eigne. 
Kongens Fortjenstmedalje utdeles som belønning for: 
Pionerinnsats eller annen spesiell innsats av særlig samfunnsgavnlig natur på områder som kunst, kultur, vitenskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid. 
Særlig fortjenstfull ulønnet innsats over lengre tid i samfunnslivet, i offentlige eller private verv, i frivillige organisasjoner eller i annen virksomhet av samfunnsnyttig betydning. 
Særlig fortjenstfullt arbeid gjennom lang tid i privat eller offentlig tjeneste, hvor innsatsen har ligget betydelig over det normale og hvor vedkommende også har vist aktivt samfunnsengasjement utover sin arbeidsinnsats. 
En livsinnsats som kan stå som eksempel for andre. 
Det vil vera umogleg å gje ein god introduksjon av arbeidet til medaljemottakaren og samstundes halde dykk i spenning på kven det kan vera, slik som ein ofte gjer under årets idrettsgalla eller ved utdeling av andre store prisar.  
Det er ikkje kven som helst som blir heidra med Kongens fortenestmedalje, og det vil ikkje vera overraskande for dykk at mannen me skal heidra i dag for den uvurderlege innsatsen for kulturlivet på Voss er Peder Rolfssøn Ringdal, fødd 31. oktober 1946. 
Ringdal har gjennom fleire tiår vore ein sentral aktør i det frivillige kulturlivet på Voss og i regionen. Han har vore ein oppofrande og engasjert person, som alltid har hatt ei grunnleggjande tanke om at arbeidet hans skal vera til nytte for andre i bygda. 
Ringdal tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1973 og har sidan vore ein kjær allmennlege på Voss. Men det er ikkje berre som lege han har sett spor etter seg. Hans innsats i frivillige lag og organisasjonar er grunnen til at han no vert heidra med Kongens fortenestemedalje. 
Ringdal har også vore ein engasjert lokalhistorikar, som har skrive omfattande om ulike emne. Han har aldri gjeve opp leitinga etter nye kjelder og har alltid vore detaljert og grundig i sitt arbeid. Hans artiklar og bøker har vore med på å halda lokalhistoria levande for nye generasjonar. Han har med dette arbeidet sikra ei viktig arv for oss alle. 
Ringdal har ei særskilt interesse for utviklinga av bygdesenteret Vossavangen. Han var heilt sentral då den kulturhistoriske vandreføraren "Vandringar på Vangen" kom ut i 2021, og han har sjølv vore turleiar på mange vandringar etter at boka kom ut. Han tok også initiativet til utviklinga av ein digital modell av Vossavangen anno 1930, som i dag er stilt ut ved Voss folkemuseum. Ringdal var ein ivrig medlem av gruppa som arbeidde modellen fram. 
Gjennom sitt arbeid i Stiftinga Bergsliminne har han vore med på å berga og formidla arven etter kunstnarane Knud og Brynjulf Bergslien. Han har vore ein pådrivar for å skaffa tilskot til utbetringar av huset deira, og har vore med på å utvikla Bergsliløypa, ei kulturell vandrerute gjennom Vossavangen. Han har skrive artiklar om kunstnarane og halde foredrag om deira liv og verk. Hans innsats har vore avgjerande for å halda minnet om Bergsli-kunstnarane levande, og han har vore ein sentral figur i arbeidet med å etablera eit Bergsli-galleri på Voss. 
Til sist, og absolutt ikkje minst; som styreleiar i orkesteret Fossegrimen i heile 39 år, frå 1981 til 2023, har han vore ein drivkraft for musikken på Voss. Han har vore fagottist i orkesteret sidan seint på 1970-talet og har vore med på å løfta orkesteret til nye høgder. Under hans leiing har Fossegrimen utvikla seg til eit regionalt symfoniorkester, med eit tett samarbeid med kulturskulane i regionen. Han har vore ein visjonær leiar, som har sett betydninga av eit lokalt symfoniorkester som ein viktig kulturfaktor. 
Ringdal sitt arbeid med Fossegrimen har vore prega av eit sterkt engasjement og ei vilje til å ta på seg alle oppgåver, store som små. Han har planlagt repertoar, hatt møte med sponsorar, og vore med på rigging og rydding av konsertlokale. Han har vore den fyrste som kom og den siste som gjekk.  
Ringdal viljestyrke og kreative løysingar har vore HEILT avgjerande for orkesteret si overleving og utvikling. Under hans leiing har Fossegrimen ikkje berre auka talet på konsertar, men også heva dei kunstnarlege ambisjonane. Publikumstalet har vore høgt, og orkesteret har inkludert musikarar frå mange nasjonar, noko som har styrka det kulturelle mangfaldet på Voss. 
I 2004 fekk Ringdal kulturprisen til Voss kommune, og i grunngjevinga vart det lagt vekt  på at han hadde lagt ned eit stort arbeid for musikklivet i bygda, at han våga å tenkja nytt, og at  han gjorde eit storarbeid for å realisera ideane ut i livet.  
I 2017 fekk han eldsjelprisen til Voss Sparebank. Denne prisen går til personar som står på for lag og organisasjonar utover det som vert forventa. I grunngjevinga vart det lagt vekt på innsatsen hans for å halda liv i Fossegrimen.  
I 2018 vart han utnemnt til heidersmedlem i Orkesteret Fossegrimen.  
I 2021 vart han utnemnt til heiderslagsmedlem i Stiftinga Bergsliminne. 
I dag skal Peder Ringdal få utdelt Kongens fortenestemedalje å ha vist eit imponerande engasjement og ein uvanleg stor arbeidskapasitet. Han har lagt ned utallege timar på dugnadsarbeid, utan å søkja eigen vinning. Hans arbeid har gjort Vossabygda rikare, og både me og kongen sitt medaljeråd ser han som ein verdig kandidat til å ta mot kongeleg heider. 
Med dette vil eg på vegner av Voss herad og alle som har hatt gleda av å samarbeida med Peder Ringdal, gratulera han med Kongens fortenestmedalje. Takk for alt du har gjort for kulturlivet på Voss, Peder. Vossabygda har vorte rikare på grunn av ditt arbeid. Me er evig takksame.