2026 er Totalforsvarsåret, og god lokal beredskap er viktigare enn nokon gong. Hjelpekorpsa er ein sentral del av den norske beredskapen når menneske blir råka av ulukker, sjukdom eller andre hendingar. Samstundes står samfunnet overfor eit endra og meir samansett risikobilete, der tett samspel mellom offentlege styresmakter, frivillige organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar blir stadig viktigare.
Som ein del av NM set me difor søkjelyset på desse utfordringane gjennom eit ope møte om beredskap. Gjennom innlegg og panelsamtale ser me nærare på korleis Voss-samfunnet kan vere best mogleg førebudd når uventa hendingar oppstår.
Eit sentralt tema vil vere korleis lokalsamfunnet må organisere seg for å byggja robustheit og motstandskraft. Kva skjer dersom straum, elektronisk kommunikasjon, finansielle tenester, vareforsyning eller helsetenester blir råka? Korleis sikrar me at kritiske samfunnsfunksjonar held fram, og korleis kan offentlege aktørar, næringsliv, frivillige og innbyggjarar samarbeida best mogleg når krisa rammar?
I panelet møter du representantar frå politi, Helse Bergen, Voss herad og lokale beredskapsaktørar innan mellom anna straumforsyning, ekom, bank og matindustri.
Arrangementet har plass til 266 deltakarar, og det er førstemann til mølla, men alle må ta ut billett.
Billett får du her:
Påmelding ope møte
Etter møtet blir det enkel servering, og deltakarane får høve til å oppleva delar av NM-konkurransen, som går føre seg i nærområdet.
Same dag blir det òg arrangert frivilligdag på Vossevangen.
Velkomen til ein aktuell og viktig møtestad for alle som er opptekne av tryggleik, beredskap og fellesskap på Voss. Saman set me søkjelyset på korleis me kan byggja eit meir robust lokalsamfunn.