Kreftforeningen og Voss herad inviterer til familiedag

Laurdag 30. august kl 12.00 - 16.00 inviterer Kreftforeningen og Voss herad til familiedag i fallskjermklubben sine lokaler i Bømoen. Dette er eit tilbod til alle familiar med barn som er ramma av alvorleg sjukdom, anten som pårørande, eller at ein sjølv er ramma. Her vert det mange kjekke aktivitetar og leikar, og ein har til og med moglegheit for å få seg ein flytur!

Familiedagen vert arrangert i samarbeid med Voss flyklubb, Bergen Aeroklubb, Skydive Voss, Fonnafly og Skigutane AS, med støtte frå Voss sparebank og Vekselbanken.  

Deltaking på familiedagen er gratis, men det er avgrensa med plassar så ein må melda seg på.

Påmeldingsfrist: 25. august

Meld deg på her: Påmelding til familiedagen på Bømoen 30. august

Meir informasjon kjem i e-post til påmelde.

Har du spørsmål, send e-post til randi.verholm@kreftforeningen.no