Lågare kommunale avgifter frå 1. juli

Frå 1. juli 2025 vert dei kommunale avgiftene på vatn og avlaup noko rimelegare, då satsen for meirverdiavgift vert redusert frå 25 prosent til 15 prosent.

Då den endelege avgjersla om å setja ned mva-satsane kom seint, treng heradet noko tid for å ordna det praktiske. Dette for å sikra at alle faktura som vert sendt ut er riktige. Dei som mottek faktura for kommunale avgifter frå Voss herad kan derfor forventa å få tilsendt faktura for 2. termin kommunale avgifter i midten av juni.

Endringa skjer midt i ein termin, noko som betyr at fakturaene som vert sendt ut vil sjå noko annleis ut enn tidlegare. Grunnen til dette er at avgiftene fram til 30. juni har 25 prosent mva, medan avgiftene frå 1. juli har 15 prosent mva. Det gjer at det vert ei ekstra linje for kvar av dei tenestene som står på fakturaen.

I og med at vassmålar vert avlest ved årsskiftet, vil reduksjonen påverka mva på oppgjeret 1. termin 2026. Etter anbefaling frå regjeringa vil denne bli delt i to, slik at halvparten vil ha høg og halvparten låg mva-sats.