Sjå utlysingsteksten her:
Stillingsutlysing regionkoordinator 2025
80-100 % fast stilling som regionkoordinator
Om regionen
Hardanger/Voss Kompetanseregion er eit regionalt samarbeidsorgan innan oppvekstsektoren for kommunane Eidfjord, Kvam, Ullensvang, Ulvik og Voss. Kompetanseregionen tilbyr tenester til omlag 40 barnehagar, 30 skular/oppvekstsenter, 3 PPT kontor og 3 vaksenopplæringssenter.
Hardanger/Voss kompetanseregion har som mål å samarbeida om oppgåver som blir løyste betre på regionalt enn på lokalt nivå. Samhandlingsarenaene er mellom anna knytt til barnehage, skule, PPT, vaksenopplæring, IKT og andre som t.d. UH, Statsforvaltaren i Vestland, KS, Statped Vest, Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) og Vestland Fylkeskommune.
Stillingsomtale
For å koordinere samarbeidet i regionen har me ledig fast stilling som regionskoordinator frå 01.04.2025. Regionkoordinator er pådrivar for utviklingsarbeid og kompetanseheving i regionen. Koordinator er bindeleddet i organisasjonen og har ansvar for å koordinere nasjonale føringar til Hardanger/Voss kompetanseregion. Samarbeidet skal bidra til å styrka kommunane sin kompetanse og kapasitet innan oppvekstsektoren. Dette skal gjerast saman med dei øvste leiarane innan oppvekst i dei fem samarbeidskommunane - styringsgruppa. Stillinga vil innebera reiseverksemd i heile regionen. Det kan vera aktuelt å kombinera koordinatorstillinga med anna arbeid i ein av samarbeidskommunane.
Arbeidsoppgåver
- fungera som bindeledd mellom dei ulike aktørane i regionsamarbeidet
- overordna ansvar for oppfølging og koordinering av tilskotsordningane
- organisera ulike møter, kurs og samlingar
- bidra aktivt i planlegging, gjennomføring og vidareutvikling av tilskotsordningane
- lokalt gitt eksamen
- administrative oppgåver og økonomioppfølging
- heimeside
Dine kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning med formell kompetanse innan skule eller barnehage
- Erfaring frå å leia utviklings- og endringsarbeid
- God kjennskap til offentleg forvaltning, gjerne frå oppvekstsektoren
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Leiarerfaring eller utdanning er ein fordel
- God kompetanse innan IT
- Førarkort
Vi ynskjer ein person som:
- Er sjølvstendig og initiativrik
- Er strategisk, strukturert og målretta
- Har evne til å skape og oppretthalde nettverk
- Er motiverande og nytenkjande
- Byggjer kultur for samarbeid og har gode samhandlingseigenskapar
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Tilsetjingsvilkår
Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Arbeidsstad i ein av samarbeidskommunane.
Nynorsk vert nytta som skriftspråk.
Søknad
Send søknad med vedlegg til Ullensvang kommune.
Søknadsfrist: 17. februar
Kontaktperson: Leiar for Hardanger/Voss kompetanseregion Anna Maria Kråkevik, kommunalsjef Ullensvang kommune.
anna.maria.kraakevik@ullensvang.kommune.no / 970 78 337
Sjå her for lysinga i si heilskap og søknadsskjema