Prøvesvara var klare onsdag 18. september.
Smitten kan skje ved at vatnet forstøvar seg som fylgje av til dømes dusjing, og ved at ein pustar inn små vassdråpar som inneheld bakterien. Det er låg risiko for å verta smitta, også om ein pustar inn dråpar med bakterien. Legionella smittar heller ikkje mellom menneske, så risikoen for å verta sjuk er liten.
Bygg- og eigedomsavdelinga har onsdag stengt dusjane ved omsorgssenteret. Dusjhovuda vil verta demontert, og det vert gjennomført dusjing i rennande vatn frå slange, utan dusjhovud, fram til dusjhovud med legionellafilter vert levert, truleg i slutten av veka. . På denne måten unngår ein spreiing av bakterien. Når anlegget er kjemisk reinsa og det er montert nytt anlegg for å hindra leginella ved hovudinntaket, vil alle dusjar få montert på att dusjhovud.
Grunnen til at det er kome legionella i vatnet, er at det har blitt ståande vatn i røyr i delar av bygget som ikkje er i dagleg bruk.
Voss herad vil no gjennomføra ei kartlegging av alle delar av bygget som ikkje er i dagleg bruk, før det vert gjort kjemisk reinsing av heile anlegget ved omsorgssenteret. Det vil så verta montert nytt anlegg som skal reinsa for legionella ved hovudinntaket til bygget.
Det vart tidlegare i år avdekka legionella i vatnet ved Voss sjukeheim. Her vert anlegget komande veke kjemisk reinsa, og like tiltak som på Vetleflaten er gjennomført.
Ved sjukeimane på Vossestrand og Granvin er alle delar av bygga i dagleg bruk, og det er derfor ikkje risiko for oppblomstring av legionella i vatnet.
Voss herad gjennomfører prøver i dei tilfella det er mistanke om mogleg legionella i vatnet.
Dersom ein vert smitta med legionella, artar det seg normalt som lungebetennelse eller influensaliknande sjukdom. Det er ikkje rapportert om at nokon bebuarar på sjukeheimane har vore smitta som fylgje av legionella i vatnet.