Miljøvennleg gjødsling med nedlegging (som på bildet) eller nedfelling og bruk av slepeslange. Formålet med tilskotet er å stimulere til at husdyrgjødsel og biorest blir blanda direkte i jordsmonnet i staden for tradisjonell breispreiing med bladspreiar, fanespreiar eller kanon, og at gjødsla vert spreidd på eit gunstig (tidleg) tidspunkt.
Inger Marie Hernes
Statsforvaltaren skriv i ei melding til kommunane at tilskotsordningane for RMP for 2026 er klare og lista opp på temasida hjå Statsforvaltaren: www.statsforvalteren.no/vl/rmp
Miljøvennleg gjødsling
Den viktigaste endringa er at tilskot til miljøvennleg gjødsling no vil gjelde for alt areal, og ikkje ha ei øvre avgrensing på 100 daa. Nedfelling/Nedlegging av gjødsel får i 2026 kr 30/daa og bruk av tilførselsslange kr 280/daa, totalt 310 kr /daa. (Tilskot i 2025 var totalt kr360/daa). Statsforvaltaren skriv at bakgrunnen for endringa er at Landbruks- og matdepartementet ynskjer å få kartlagt kor mykje areal som faktisk vert gjødsla med desse spreie-metodane. Avgrensinga på maks 100 dekar per føretak som ein har hatt i Vestland til no forhindra ei slik kartlegging, og maksavgrensinga for tiltaket vert altså no vekke. Det er framleis 10.august som er siste frist for gjødsling og all gjødsling gjennom vekstsesongen skal vere gjødsla på denne måten. Les meir her. Voss herad reknar at omlag 30% av fulldyrka og overflatedyrka areal i heradet er gjødsla med nedlegging og slepeslange.
Tilskot til støling
Detaljane for vilkåra for støling er noko endra; m.a. er det sett tydelegare krav til avstand mellom gard og støl. Les meir om dette her. Planlegg du å starte opp med støling i 2026 anbefaler me at du tek kontakt med heradet før du startar opp.
Døme på enkel stølsflor i Oppheimsdalen. Vilkår for tilskot til støling er minimum 4 veker drift og minimum produksjon av 45 liter mjølk i døgnet. Mjølka kan leverast til meieri eller foredlast på stølen.Hekke- og beiteområde for fugl
Har du hekkande vipe eller storspove på innmarka kan du få tilretteleggingstilskot for desse. Kravet om bildedokumentasjon av reir kan frå og med 2026 erstattast av ei stadfesting frå Statsforvaltar eller Birdlife (sannsynleggjering eller stadfesting av at hekking har skjedd i inneverande sesong).
Alle endringane er tilrådd av faglaga i jordbruket.
Søknadsfristen for RMP er 15.oktober, og heile RMP-sida, inkludert praktiseringsrundskriv, vil vere fullstendig oppdatert for søknadsomgangen 2026 innan utgangen av august, vert det opplyst av Statsforvaltaren.