Manglande mobildekning

Telenor har varsla oppgradering av mobilnettet i Teigdalen og i området oppover mot Mykkeltveitveten. Arbeidet kan gje noko redusert dekning i periodar.

Telenor set i gang oppgradering av basestasjonar i dag, 24. juni og vil halda fram med oppgraderingane til 8. juli. Områda det gjeld er Teigdalen mot Brekkhus og eit område oppover mot Mykkeltveitveten, sjå kartutsnitt.

Under arbeidet vil dei som er i desse områda oppleva periodevis redusert kapasitet eller manglande dcekning. Dei delane med raud farge kan oppleva at dekninga forsvinn heilt i periodar, i dei områda med gul farge kan det vera periodevis redusert kapaistet.

Telenor vil varsla kundar med trådlaust breiband og abonnement direkte om dei ventar at dekninga forsvinn på registrert adresse.