Merkedag då grunnsteinen til BIR sitt biogassanlegg vart lagt ned

I dag vart grunnsteinen til BIR sitt biogassanlegg på Voss lagt ned. Prosjektet skal stå ferdig neste haust og vera i full drift i løpet av 2026.

- Dette er ein merkedag for BIR og Voss herad, men ikkje berre for oss, det er ein merkedag for Vestlandet, for storsamfunnet og ein dag som skal markera noko positivt for alle generasjonar, sa Borghild Lekve, konsernsjef i BIR, i sin opningstale.


- Voss herad ynskjer å vera heilt i førarsetet når det gjeld innovasjon og saman med ambisiøse samarbeidspartnarar har me tatt eit stort steg frå ei lineær ressursutnytting til eit sirkulært løp, sa ordførar Tonje Såkvitne. 

Til lukke med dagen! 


Les meir og sjå fleire bilete her

 

Grunnsteinsnedlegging biogassanlegg Voss. Tero Kampll (Biovoima Oy), Gard Kvalheim (LAB), Borghild Lekve (BIR), ordfører Tonje Såkvitne og elever fra Palmafossen skule Ola B. Robson og Nelly Bonsaksen Hole.