Nattestengt E16 Åsbrekkegjelet-Skromle bru

Frå neste veke, 24. februar, og i tre veker framover, vert E16 mellom Åsbrekkegjelet og Skromle bru stengt store delar av natta fire netter i veka. Dette er grunna sprengingsarbeid.

Statens vegvesen

Det er Statens vegvesen som melder om stenginga, som altså gjeld strekninga mellom Åsbrekkegjelet og Skromle bru på E16. 

Nattestenginga vil vera måndag, tysdag, onsdag og torsdag i tre veker, der vegen vil vera stengd frå midnatt til kl 06, men med gjennomslepp av trafikk mellom 03 og 03.15. Arbeidet vil starta søndag kveld, med stenging av vegen ved midnatt. 

Det er ingen omkøyringsalternativ, og Statens vegvesen beklagar dei ulempene dette medfører. Sprenginga er ein del av arbeidet med å utvida E16 på strekninga Åsbrekkegjelet-Skromle bru.

Les meir om både stenginga og prosjektet her: Naudsynt med nattestenging på E16 Åsbrekkegjelet-Skromle bru | Statens vegvesen