Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket handlar om støtte til å gjennomføra miljøtiltak utover det ein kan forventa av vanleg jordbruksdrift. Formålet er å fremja ivaretakinga av naturen og naturmangfald, kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, klimatiltak og å redusera erosjon, avrenning og ureining frå jordbruket. Det kan og løyvast støtte til tak på gjødelkum.
Kjempespringfrø er ein uønska vekst stadig fleire vert merksam på bør bekjempast. Det er allereie eit prosjekt i gang i Folkedal og det er aktuelt med fleireProsjektet må vere knytt til landbruk eller landbrukseigedom der det er produksjon med rett på produksjonstilskot. Samarbeidprosjekt og utviklingsprosjekt er særskilt velkomne.
Lokal tiltaksstrategi for Voss (PDF, 274 kB) er styrande for prioritering. Prosjekt knytt til klima- og energiplan; Vossaklima 2030 og fellesprosjekt vert prioriterte.
Søknad skal leverast elektronisk gjennom Altinn med fotodokumentasjon, kart og kostnadsoverslag. Meir info og lenke her.
Ta kontakt om du har spørsmål: Kari Mostad, tlf: 979 97 150, epost: kari.mostad@voss.herad.no