Fire lokale verksemder har sertifisert seg som miljøfyrtårn. Dette vart markert under møtet til utval for klima, miljø og beredskap onsdag.
Sist endra 11.06.2026 11.03
Fire verksemder har sertifisert seg som miljøfyrtårn det siste året, og i møtet til utval for klima, miljø og beredskap var tre av dei til stades for å motta diploma sine. Dei tre var, frå venstre:

- Tecno VVS
- Voss Transportservice
- Bedriftshelseteneste1
I tillegg har FLAGG sikkerhet sertifisert seg. Dei var ikkje til stades under utdelinga.