Offentleg søkjarliste på rådmannstillinga

Søknadsfristen for rådmannstillinga i Voss herad gjekk ut 21. mai og offentleg søkjarliste til stillinga ligg no klar.

Tilsetjingsutvalet har arbeidd med rekrutteringsbyrået Headvisor i rekrutteringsprosessen og har i lag med byrået gått gjennom søkjarlista og vald ut fem kandidatar til fyrstegongs intervju. 

– Me har fått ti veldig gode søkjarar, og eg er glad for at me hadde knytt til oss spesialkompetanse gjennom eit rekrutteringsbyrå for å velja ut fem kandidatar til intervju. Eg har stor tru på at heradsstyret skal kunna tilsetje ny rådmann før sommaren,  og eg er trygg på at me i tilsetjingsutvalet kan innstilla på ein kandidat som vil vera ein veldig god leiar for heradet vårt, seier ordførar Tonje Såkvitne.

Alle fem kandidatane som ikkje har blitt kalla inn på intervju, har trekt søknadane sine. Av desse var det fire menn og ei kvinne.

Alle spørsmål knytt til søkjarlista skal rettast til ordførar Tonje Såkvitne, tlf 95751635 eller e-post tonje.sakvitne@voss.herad.no.

Offentleg søkjarliste

Offentleg søkjarliste
Namn Stilling Kommune
Søknad trekt, M **** ****
Søknad trekt, M **** ****
U. off. § 25, M **** ****
Forthun, Ørjan Raknes (56) Kommunedirektør t.o.m. 31.10.23 Loddefjord
U. off. § 25, M **** ****
U. off. § 25, K **** ****
Søknad trekt, M **** ****
Søknad trekt, K **** ****
Venneslan, Eystein (59) Kommunedirektør Øvre Ervik
Søknad trekt, M **** ****