Inger Marie Hernes
Frå 1. februar 2025 gjeld nye reglar om lagring og bruk av gjødsel. Formålet med forskrifta er å legge til rette for rett gjødsling, gode avlingar, mindre avrenning til vassdrag og ta vare på biologisk mangfald. Den nye forskrifta gjeld bruk av både husdyrgjødsel og mineralgjødsel og ny frist for spreiing for alle kommunar i Vestland er mellom 1. mars og 15. september.
Voss herad vil i samarbeid med Vaksdal kommune invitera til felles middagsmøte i Evanger ungdomshus onsdag 12. mars frå klokka 15.00-18.00.
I løpet av møtet går me i djubda på kva det nye regelverket har å seie i praksis og korleis det skal gjennomførast lokalt.
Det vert innlegg frå:
- Øyvind Vatshelle frå Statsforvaltaren i Vestland
- Rådgjevar frå NLR
- Jorunn Kårvatn frå Innovasjon Norge
- Kort info frå kommunane
Det vert servering av varmmat, kaffi og kaker.
Meld deg på innan 10.mars til inger.m.hernes@voss.herad.no
Om du ynskjer å lesa deg opp finn du rettleiing om nytt regelverk i lenkene under: