Oransje varsel om regn, skred og flaum

Det er meldt store nedbørsmengder torsdag, og det er sendt ut oransje varsel om både flaum, jordskred og nedbør.

Voss herad følgjer situasjonen nøye, og delar av kommunal kriseleiing har i dag vore samla for å vurdera kva tiltak heradet skal setja i verk. Rutinemessig så gjer heradet førebyggjande tiltak for å sikra kommunal infrastruktur så langt som råd.

Det er viktig at kummar, stikkrenner og rister er frie for lauv, kvistar rusk og rask slik at vatnet får renna mest mogleg fritt. Driftsavdelinga er ute å gjer dette, men treng også hjelp frå innbyggjarane for å nå over alle delar av heradet. Me oppmodar derfor alle om å sjekka dette både på og rundt eigen eigedom, og reinska så godt ein kan, både før regnet kjem og også dersom ein ser at det kan tetta seg til. Men, det er viktig å unngå å opphalda seg eller ferdast i bratt terreng, i og med at det også er oransje varsel for jordskred.

Det er venta store lokale forskjellar på nedbørsmengdene, og Voss herad oppmodar alle om å sjekka yr.no lokalt der dei bur for å kunne vera best mogleg oppdatert. Det er størst risiko for flaum i små og mellomstore vassdrag.

Regnvêret kan også skapa vanskelege køyreforhold, slik at dersom du ikkje må ut å køyra, oppmodar me om å utsetja unødig ferdsel i tida det er mest nedbør.

Hald deg oppdatert på Varsler om naturfarer i Norge | Varsom.no og på Yr