Voss sentrum

Kl. 10.00
Barnetog frå Idrottsplassen gjennom Vangsgata til Utescena ved Vangsvatnet
Kl. 11.00
Festgudstjeneste i Vangskyrkja
Kl. 11.30
Gratis kino i Voss kulturhus:
"Flåklypa, fra Paris til pyramidene.
Kl. 12.00
Kransing av minnesmerke. Start ved Vangskyrkja, ved grava til Eidsvollsmennene.
Kl. 13.00
Russetalar frå verandaen på Tre Brør kafe
Kl. 14.00
Folketoget frå Idrottsplassen, gjennom Vangsgata og tilbake til Idrottsplassen
Kl. 15.00
Høgtiding av dagen på Idrottsplassen
Etter høgtidinga for dagen, om lag kl. 16.15, vert det avduking av kunstverket Frost på Voss kulturhus.
Skulrinsane arrangerer lokale tilskipingar på skulane om ettermiddagen.
Me oppmodar folk om å ikkje køyra i sentrum, og til å bruka parkeringshusa eller parkera utanom sentrum.
Tinghusplassen vert stengt for parkering. Vangsgata vert stengd for biltrafikk og parkering.
Fullstendig informasjon om 17. mai, med oppmøtetider, oppstilling og songar, finn du i årets 17. mai‑program. Programheftet vert selt av elevar ved barneskulane, og kan elles kjøpast i innbyggjarservice på Tinghuset, på Voss bibliotek og hjå Norli Bokhandel på Vangen.
Ha ei god 17.mai feiring!
Beste helsing Voss IL, IL Ørnar, Viljar, FBK Voss og Voss herad
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Granvin
