Rapport frå Utopiaverkstad - SJUKT BRA BYGD!

Kva meiner ungane og ungdommane våre om framtida?
Kva ville dei gjort viss dei kunne trylla?
Kva tenkjer dei skal til for at Voss vert ei SJUKT BRA BYGD?

Voss herad held på med nye planar for korleis det skal vera å bu og veksa opp her i åra som kjem. Når vaksne lagar planar, er det lett å gløyme korleis det eigentleg er å vera ung. Difor inviterte me born og unge til to Utopiaverkstadar i februar. Den fyrste dagen kom elevråda frå barneskulane, og dagen etter var det ungdomsrådet og elevråda frå ungdomsskulane og vidaregåande som var med. Det var mellom 20 og 30 deltakarar kvar dag.

Tema var viktige: Psykisk helse, det å kjenna seg utanfor, og kva som skal til for at alle føler seg velkomne og inkluderte.

Sjå kva borna og ungdommane tenkjer om verdiar, superkrefter, kva dei ville gjort viss dei kunna trylla - og kva konkrete forslag dei har for framtidig utvikling av heradet her:

SJUKT BRA BYGD! - rapport frå Utopiaverkstad for barn og unge (PDF, 3 MB)

Utopiaverkstadane vart gjennomført i samband med at Voss herad no skal revidera kommuneplanen sin samfunnsdel, utarbeida handlingsplan for unge og psykisk helse – PSJUKT BRA BYGD, og revidera Rusmiddelpolitisk handlingsplan.