Rekordmange førehandsrøysta denne veka

Fleire kommunar melder om rekordhøge tal på førehandsrøysting, og det kan me også visa til på Voss. Etter at førehandsrøystinga starta på måndag har heile 655 stykk nytta høve til å røysta på Tinghuset denne veka.

Det har vore jamt høgt oppmøte kvar dag heile veka, men fredag var dagen med flest innom, då tok me imot 184 røyster.  

Det er ope for førehandsrøysting på Tinghuset kvar dag neste veke også, så har du ikkje røysta endå er det berre å ta med seg legitimasjon å komma innom. 

Sjå elles denne sida for oversikt over kvar og kortid du kan førehandsrøysta: 

Kvar og når kan du røysta i Voss herad?