Rekordmange førehandsrøysta

Måndag 11. august starta førehandsrøystinga til Stortings- og sametingsvalet 2025. Allereie første dag var det stort engasjement og rekordmange som møtte opp på Tinghuset for å røysta, noko ordførar Tonje Ljones Såkvitne syns er veldig kjekt å sjå.

Heile 108 stykk nytta høve til å røysta på Tinghuset på måndag, noko som er rekordhøgt oppmøte på ein opningsdag med førehandsrøysting. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 var det til dømes 57 stykk som røysta første dag og ved Stortings- og sametingsvalet i 2021 var det 63 stykk. 

Du kan førehandsrøysta på Tinghuset alle kvardagar kl 9.00–15.00 i veke 33-35. I tillegg er det mogleg å førehandsrøysta på fleire andre stader i heradet, til bestemte tidspunkt. Sjå oversikt over kvar og kortid her: Kvar og når kan du røysta i Voss herad?

Hugs å ta med legitimasjon med bilete og personnummer når du skal røysta. 

Vel møtt!