SMIL
Grunna SMIL-prosjekt som ikkje vert gjennomført som planlagd har Voss herad no noko midlar som kan disponerast miljøprosjekt i ordninga tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)
Me viser til søknadsinfo om SMIL
Investeringsmidlar i beiteområde
Tilsvarande er det også midlar att til tiltak i beiteområda. Investeringsmidlar i beitelagsområda skal legge til rette for best mogleg nytting av beite i utmark, redusere tap av dyr og fremme fellestiltak i beiteområda. Det er leiaren i beitelaget som skal søkje.
Søknadsinfo her
Me viser til nyleg vedtatt beitebruksplan. Tiltak som kjem under mål ein ynskjer å oppnå i beitebruksplanen vil verte prioriterte. Dette gjeld særleg tiltak som bidreg til å lette utfordringar knytt til bruk av utmarksbeite og andre som nyttar utmarka til diverse aktivitet.
Det er og høve til å sjå desse tilskotsordningane i samanheng.
Ta kontakt om de har spørsmål
Ny søknadsfrist for begge ordningane er 25.september
Tiltak i beiteområde og SMIL-prosjekt kan også sjåast i samanheng. Bilde frå stølen Helgaset med Skamdalshorget i bakgrunnen
Kari Mostad