Seinking av regulert vatn
Eviny seinkar fleire reguleringsmagasin under lågaste grense denne sommaren. I Voss herad gjeld det Piksvatnet, som ligg attmed ein populær tursti i Stølsheimen, mellom Volahytta og Tvinnestølen.
Sist endra 11.06.2026 10.56
Skjermbilete frå ut.no
Det er NVE som har gitt Eviny løyve til å seinka magasina i sommar for å montera nytt utstyr for måling av vasstand og få til ny innmåling av magasina.
I vårt distrikt gjeld dette Nedsta Piksvatnet som ligg i Stølsheimen. Det går fleire populære turstiar i området, og langsmed dette vatnet går stien mellom Volahytta og Tvinnestølen. Eviny melder om at sinkinga kan vera så mykje som to meter under det som er lågaste regulerte vasstand.
Du kan lesa meir om dette på Eviny sine sider: Kunngjering om seinking av fem magasin