Viltforvaltar Ingmar Slettemark
Tor H. Halvorsen
Det er uklart om det var navigasjonen eller noko anna som svikta, men smålom skal ikkje landa på asfaltert veg. Likevel gjekk fuglen i bakken måndag, og kom seg ikkje vidare.
– Nokon såg fuglen kava i vegen, og meldte frå. Eg reiste ut og tok den med til veterinær. På Hestavangen dyreklinikk konkluderte dei med at smålomen hadde kome frå det med overflatiske sår, og kunne sleppast fri, seier viltforvaltar Ingmar Slettemark.
Fuglen fekk seg ein tur innom tinghuset også, før viltforaltaren sleppte den fri ved Vangsdvatnet så fuglen kunne koma seg på vengjene att.
Den var noko blodig på halsen, truleg etter ublidt møte med asfalt, men dette er berre overfaltisk og kjem ikkje til vera noko problem.
Også tidlegare i år var Ingmar ute å redda fuglar, den gongen var det andungar som sto i vegkanten etter at ei andermor var påkøyrd.
Dette viser mellom anna kvifor det er viktig at vegfarande melder frå om skadde dyr dei ser.
Fakta om smålom