Oppstartsprogrammet som er i regi av Stiftelsen Lystgården i Bergen, gjev ei god førebuing for å etablera småskala grønsakproduksjon og sal gjennom kanalar for lokalmat. Opplegget er oppbygd etter tilsvarande program frå Sverige og etter fleire års utprøving, godt tilpassa vestnorske klima-, natur- og marknadsforhold.
Ein viktig del av programmet er nettverksbygging og deling av røynsler. Du kan lese meir om programmet og finne lenke til søknadsskjema her. Søknadsfrist er 22.september oppstart er 25.-26.oktober i Bergen.
I oppstartsprogrammet får du:
- Nettverk og læringsfellesskap med andre dyrkarar
- Praktikarar som underviser og vegleiar til ein trygg oppstart
- Kursinnhald tilpassa vestnorske forhold og ditt konkrete areal
- Kunnskap og råd om sal og marknadsføring
- Verktøy for planlegging av økonomi og produksjon
- Grunnlag for å utarbeida eigen forretningsplan for marknadshagen din, som kan nyttast til å utvikla bedrifta og til å søke støtte eller lån
- Rettleiing i å starta eit “testbed” for utprøving av dyrking og sal, slik at du kan få naudsynte røynsle for å bygga ein vellykka lokalmatbedrift
- Høve til å leie eitt av testbeda ved Stend Vidaregåande skule i Bergen, om du ikkje har tilgang til eige areal.
Undervisninga er både fysisk og digital og passar for deg som har litt røynsle med dyrking frå tidlegare, ynskjer å starte testproduksjon på omlag 250 km2 og ser for deg å drive grønsaksproduksjon for sal på omlag 1-5 dekar. Dersom målet ditt er hage til eige bruk, vil ikkje programmet høve.
Les meir om programmet her