Kommunane er oppmoda om å nytta meir av SMIL-midlane til forureiningstiltak. Det kan vere tiltak for å redusere avrenning og risiko for avrenning frå jordbruksdrifta av omsyn til vasskvalitet, klimatilpassing og ressursbevaring. Her døme på sedimenteringsbasseng som fekk SMIL-tilskot i 2025Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) kan gjevast til landbrukseigedomar med produksjon som gjev rett til produksjonstilskot kan søkje.
Voss herad har i år kr 1 340 000 til tiltak.
Døme på tiltak som er prioritert er
- tiltak for å hindra erosjon, ureining og avrenning frå jordbruksjord
- tiltak for eit meir klimavennleg og klimatilpassa jordbruk
- tiltak for biologisk mangfald, t.d. utbreiing av framande, skadelege artar og rydding av kulturmark,
- ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø
- planleggings- og tilretteleggingsprosjekt.
- tiltak for tilgjenge og auka opplevingsverdi i landskapet
- støtte til tak på gjødselkum
Søknad skal leverast elektronisk gjennom Altinn med fotodokumentasjon, kart og kostnadsoverslag. Les meir om søknaden her.
Tilskot til kulturminne kan t.d. nyttast til restaurering av verneverdige bygg, gjerne bygg som ikkje lengre vert nytta og er i ferd med å forsvinne, t.d. utløer og vårflorar, gjerne sett i samanheng med kulturmiljøplan for Voss herad. Slike prosjekt kan det også vere mogleg å få støtte til frå andre som t.d. “Ta eit tak” midlar frå Norsk Kulturarv og andre aktører.
Lokal tiltaksstrategi for Voss (PDF, 274 kB) er styrande for prioritering. Prosjekt knytt til klima- og energiplan; Vossaklima 2030 og fellesprosjekt vert prioriterte.
Søknad skal leverast elektronisk gjennom Altinn med fotodokumentasjon, kart og kostnadsoverslag. Meir info og lenke her.
Kontakt Voss herad: Kari Mostad, tlf: 979 97 150, epost: kari.mostad@voss.herad.no