Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) har som formål å fremja natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og å redusera forureining frå jordbruket. Tiltaka ein søkjer på skal vera utover det som er venta av vanleg jordbruksdrift. Tiltak knytt til landbrukseigedomer der det føregår produksjon som gjev rett til produksjonstilskot kan søkja.
Voss herad skal vedta ny kommunal strategi for SMIL og tilskot til tiltak i beiteområder, denne vert politisk vedtatt 11. mars.
Voss herad har midlar til prosjekt som omfattar:
Kari Mostad
- tiltak for å hindra erosjon, ureining og avrenning frå jordbruksjord
- tiltak for eit meir klimavennleg og klimatilpassa jordbruk
- tiltak mot utbreiing av framande, skadelege artar
- rydding av kulturmark, tiltak for biologisk mangfald
- ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø
- planleggings- og tilretteleggingsprosjekt.
- tiltak for tilgjenge og auka opplevingsverdi i landskapet
Det er i den kommunale strategien opna for særskilde utvalde tema-år, forslag til tema for 2025 er:
Tiltak ved etableringar i tilknyting til biogassanlegg.
Søknad skal leverast elektronisk gjennom Altinn med fotodokumentasjon, kart og kostnadsoverslag. Det er eit vilkår at tiltaka skjer på jordbrukseigedomar med produksjon som gjev rett til produksjonstilskot.
Kommunal strategi for Voss herad er styrande for prioritering, den vert politisk vedtatt 11. mars.
Førebels utkast til strategi finn du her: Kommunal strategi (PDF, 788 kB)
Tilskot til kulturminne kan t.d. nyttast til restaurering av verneverdige bygg, gjerne bygg som ikkje lengre vert nytta og er i ferd med å forsvinna, t.d. utløer og vårflorar, gjerne sett i samanheng med kulturmiljøplan (PDF, 27 MB) for Voss herad. Slike prosjekt kan det også vera mogleg å få støtte til frå andre, som t.d. “Ta eit tak”- midlar frå Norsk Kulturarv og andre aktørar.
Prosjekt knytt til klima- og energiplan; Vossaklima 2030 (PDF, 4 MB) og fellesprosjekt vert prioriterte.
Søknad skal leverast elektronisk gjennom Altinn med fotodokumentasjon, kart og kostnadsoverslag.
Meir info og lenke til søknadsportal finn du her
Kontaktperson i Voss herad:
Inger Marie Hernes – tlf: 952 62 047 / e-post: inger.m.hernes@voss.herad.no