Som kjend er ein god dreneringssituasjon på jordbruksareal viktig for gode avlingar og for effektiv drift utan for mykje køyreskadar.
Med klimaendringane har nedbøren auka med 20 prosent sidan år 1900 og nedbøren kjem meir intensivt enn før. Å gjera tiltak for å hindre at overflatevatn kjem inn på jordbruksjorda og å leia vekk vatn på jordbruksareal er difor eit godt tiltak for å oppretthalda produksjonen. Vassjuk jord er jamvel ei viktig kjelde til utvikling av lystgass og andre klimagassar frå jordbruket.
For å leggja tilrette for meir drenering, har me laga ei spørjeundersøking for å få meir informasjon om stoda.
Me er takksame om du har høve til å gå inn på lenka under og svare på undersøkinga, innan 16.mars.
Drenering - spørjeundersøking – Fyll ut skjema
Meir informasjon om drenering og tilskotsordningar finn du her: Tilskot til drenering av jordbruksareal