Spreiing av gjødsel etter 1.september

Det våte veret i august har skapt problem for slåtten i august og gjer at ein del ikkje får gjødsla ut som planlagt før 1.september. Meld til heradet dersom du har behov for dispensasjon frå fristen. Spreiing etter 1.september krev ekstra omsyn.

Generelt gjeld at gjødsel skal spreiast i vekstsesongen og innan 1.september, og nyttast til plantevekst.

Voss herad har eiga lokal gjødslingsforskrift (linkvelger://18232/) som på gitte vilkår opnar for spreiing av gjødsel fram til 1.oktober. Unntatt frå dette er område med vassdrag med redusert vasskvalitet pga. av jordbruksdrift eller som av  klimatiske grunnar har 1.september som siste frist. Dette gjeld Dyrvedalen, Bordalen, Opelandstjørni,  Granvin, Granvinsvassdraget bekkefelt,  Jordalen og Myrkdalen

Generelle vilkår ved gjødsling etter 1.september - Voss herad, unntatt Dyrvedalen, Bordalen, Opelandstjørni,  Granvin, Granvinsvassdraget bekkefelt,  Jordalen og Myrkdalen

·        Avgrensing på mengde gjødsel: maksimalt 2 m​3 pr. dekar,

  • Avgrensing mot vatn: mot vatn, elv, bekkar, kanalar og opne kummar skal det vere ei sone på minst 6 meter som ikkje vert gjødsla.
  • Ved lagring, uttransport og spreiing skal det utvisast aktsemd når det gjeld
    • Vurdering av ver og vêrtilhøve: ved mykje regn og vassmetta jord kan ein ikkje spreie gjødsel
    • Vurdering jordsmonn: unngå myr og jord med lita evne til å binda næringsemne
    • Klima: når vekstsesongen er avslutta skal det ikkje gjødslast
    • Flaum: Typisk flaumutsett areal eller ved fare for flaum generelt må areala ikkje gjødslast

 

Dispensasjon for gjødslingsfrist 1.september for føretak i Dyrvedalen, Bordalen, Granvin, Granvinsvassdraget bekkefelt,  Jordalen og Myrkdalen 

Føretak som pga. av mykje nedbør og utsett slått har behov for å gjødsle etter 1.september i Dyrvedalen, Bordalen  Granvin, Granvinsvassdraget bekkefelt,  Jordalen og Myrkdalen skal melde dette til heradet. 

  • Send melding til heradet; postmottak@voss.herad.no.  
    • Oppgje mengde gjødsel du vil spreie, 
    • kva areal du vil nytte 
    • bekreft at du har sett seg inn i vilkåra som gjeld for spreiing etter 1.september.

Vilkåra for spreiinga vil vere som ovanfor, men 

  • avstand til vatn skal vere  minimum 15 meter, 
  • mengde gjødsel  1-2 m3/daa
  • Gjødslinga skal vere gjennomført innan 20.september
  • Elles er vilkåra om vurdering av vêrtilhøve, jordsmonn og flaumutsett areal særleg vesentleg å ta omsyn til.

Følger du dette treng du ikkje formelt å søkje om dispensasjon. 

NB: Etter 1.oktober har ikkje heradet heimel til å gje dispensasjon frå spreiefristen.

For meir info: kontakt Kari Mostad 97997150 kari.mostad@voss.herad.no