Startskotet på Friluftslivets år 2025!

Bli med på "Heile Noreg bålar! laurdag 18.januar kl. 16-18 ved aktivitetsparken på Prestegardslandet.

 

Me håpar at fleire skal oppleva kor hyggjeleg det er å samlast rundt eit bål ute i naturen. Velkomen til ein koseleg ettermiddag med bålkos og kjekke aktivitetar! Arrangementet er ope og gratis for alle å delta på. Inga påmelding, møt opp!

PROGRAM
De finn oss ved eit stort bål rett ved sida av Aktivitetsparken. Brannvesenet kjem også og har med seg brannbilar!

Kl. 16.00:
DNT Ung inviterer alle aldersgrupper til eit friskt bad. Oppmøte ved bålet. Ta med badetøy, handklede, ull og gode klede til etterpå og noko å skifte på (liggjeunderlag).

Kl. 16.00 - 17.30:
Borna sitt Turlag har ”Kom deg ut-dagen” og dei har laga ei kjekk refleksløype med kviss for både born og vaksne i Prestegardsmoen. Ta med hovudlykt. Turbo elskar bålkos og kjem innom i 17-tida.

Kl. 16.00 - 18.00
Me fyrer opp nokre grillar, så ta gjerne med dykk middagen/kveldsmaten. Ta med ein kopp - me byr på varm drikke.

Kle dykk godt og bli med på startskotet på Friluftslivets år!

Voss Utferdslag, Voss herad og Voss Røde Kors står bak arrangementet.

Kontakt

Guro Øvsthus
Konsulent
E-post
Telefon 47 68 15 05